Om oss

Elie Verkstad AS er ein lekker blomsterbutikk i hjarte av Leirvik, på Stord. I vår 150km2 store butikk i Sæ har me alltid eit stort utval ferske, vakre blomster. Me hjelper deg med blomster, planter eller interiør til alle anledningar. 

Historia til Elie Verkstad

1998: 
Det var ein gong ei 14 år gamal jente som var så glad i blomar. Blomar var det finaste ho visste, og ein dag fekk ho draumejobben som ekstrahjelp i ein lokal blomebutikk. Allerie som 14 åring visste Elisabeth at det var blomar ho skulle arbeide med.

2002:
Ho byrja på Gjennestad Gartnarskule, etterfølgt av læretid og fagbrev i den einaste blomebutikken på Paleet på Karl Johan i Oslo. Men Elisabeth fann raskt ut at det var frilansar ho ville vera Det var spennande og utfordrande. På kundelista fekk ho NRK og nokre av dei fasjonable butikkane i Oslo. 

2014: 
Men på heimebane vart to til tre. Ho kjende på lengta etter Vestlandet, og røtene på Stord der ho vaks opp. Under ein ny mammapermisjon vart ideen om Elie Verkstad skapt...

2015:
Nokre månadar seinare sto dei der. Dei smilande kundane. Ryktebørsen gjekk varm. For på Ådland var det ei som laga og selde dei vakraste blomekreasjonar. Bukettar som skilde seg ut frå mengda. Det var blomekunst meinte enkelte. Frå april 2015 vart draumen om eigen butikk og heiltidsjobb endeleg ein realitet for Elisabeth, saman med den hjelpsame ektemannen Svenn.

2016:
Påsken 2016 ansatte Elisabeth og Svenn sin første ansatte, ekstrahjelpen og blomsterdekoratøren Synne.

2017: 
23. september dette året opna me ny butikk i Sæ på Leirvik. 

2018: 
Januar dette året ansatte me blomsterdekoratør Lisa og i august dette året fekk me vår første lærling, Villbjørk.